Ledig stilling: servitør - 80%

Restauranthuset Malin er ein restaurant med tradisjonelle kinesiske rettar, steakhouse- sushi- og hotpotmeny. Vi er ein relativt stor restaurant med 220 sitjeplassar og er lokalisert midt i sentrum av Sogndal. Malin er ein del av China House-gruppa, som også har to restaurantar på Voss, China House og Malin Sushi. Til Restauranthuset Malin i Sogndal søkjer vi no etter:

Servitør - 80% stilling

Vi søkjer ein dyktig servitør til vår restaurant. Vi ser etter deg som har godt humør, er utadvent, likar å jobbe med mat og drikke og får energi av å gje våre gjester god service. At du er effektiv og har god sans for orden, legg vi også stor vekt på.

Erfaring som servitør er eit pluss, men har du lyst til å lære, har sjarm og eit godt smil, kan du også vere interessant for oss. Vi gir god intern opplæring.

Arbeidstid er stort sett ettermiddag og kveld. Vi kan også vere interessert i mindre stillingsprosentar og studentar som vil kombinere jobb med studiar. 

Vi tilbyr:

  • spennande jobb i eit ungdommeleg miljø
  • lønn etter avtale

Stillinga er ledig omgåande. Søkjarar må vere minimum 20 år pga sjenking av alkohol. 

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Xian WuXu på 970 10 780.

Søknadsfrist: Stilling er besatt.

Send søknad med CV på epost til: post@restauranthusetmalin.no

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway