LerumCup: Velkommen til grill-buffé på Malin.

LerumCup dreiar seg ikkje berre om fotball, seier og tap. Det sosiale er minst like viktig, og kva er betre enn å samle fotball-venner rundt eit bord med god mat og god stemning? Ta med deg laget ditt til Restauranthuset Malin, den største restauranten i Sogndal med 230 sitjeplassar.

LerumCup-buffé med grillmat - kun kr. 138 for fotballspelarar

Under LerumCup tilbyr vi vår populære buffé på fredag (30.juni) og laurdag (1.juli). Desse dagane vil vi også ha grillmat, i tillegg til kinamat, sushi og steakhouse-baserte rettar på buffeten. Vi vil også tilpasse buffeten med ekstra rettar som vi veit unge fotballspelarar set pris på. For kr. 138,- kan våre kommande fotballstjerner ete så mykje dei vil. 

Grillkongen Torodd Kvam er på plass

Sogndal har sin eigen "grillkonge", Torodd Kvam!

Han vil stille med grillen sin utanfor Malin og du kan få hans fantastiske grillrettar som del av buffet-menyen. Vi garanterer smaken!

Prisar

Pris for buffetbord inkl. grillmat og dessert:
Vaksne:   kr. 398,-                  
Barn 5-15 år:   kr. 138,-     
Barn under 5 år:   gratis       

Bordbestilling grupper

Bestill gjerne bord på knappen under dersom du er under 20 personar i gruppa. Er du over 20 personar? Ring oss gjerne på 57 67 87 00. 

Restauranthuset Malin ligg sentralt i Sogndal. Du finn oss i Hovevegen 2, Sogndal kulturhus. Sjå også våre opningstider. På søndag tilbyr vi igjen vår vanlege familiebuffet (ikkje grillmat).

 

Foto LerumCup: SogndalFotball

 

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway