Kinesiske stjernekokkar til Malin - opplev kokkeshow 21.mai kl. 1400

Søndag 21.mai kl. 14.00-16.00 får Restauranthuset Malin storfint besøk av kinesiske stjernekokkar.

Under Erna Solberg sitt besøk i Kina i april besøkte ho Beijing, Shanghai og Hangzhou. Denne helga kjem ein delegasjon frå Hangzhou-provinsen til Norge. I delegasjonen kjem også seks av Hangzhou sine fremste stjernekokkar. Dei skal halde kokkeshow i Oslo fredag 19.mai. I samband med at dei gjerne vil oppleve fjord og brear, vil dei også legge ein tur innom Sogndal og Restauranthuset Malin søndag 21.mai.

I tidsrommet 14.00 - 16.00 vil dei stå ute i våre restaurantlokale og lage kinesiske dessertar av ypparste kvalitet, her blir det fantastiske figurar av frukt og grønnsaker. Så vil det bli prøvesmaking og rimelege dessertar for heile familien.

Vi har som vanleg søndagsbuffet, så ta med heile familien på Malin på søndag.

Velkommen til kinesisk kokkekunst på høgt nivå!  

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway