12 gode råd - fra to menn med lav utdanning
Mar
13
7:00 PM19:00

12 gode råd - fra to menn med lav utdanning

Humorshow i Storsalen i mars 2021!

Atle Antonsen & Bård Tufte Johansen
12 gode råd - fra to menn med lav utdanning

Frå alle kantar strøymer det på med råd om korleis du bør leva livet ditt. Men dei beste råda får du sjølvsagt frå dei som gir flest. Og ingen gir fleire råd enn menn med låg utdanning.

I standupshowet 12 gode råd – fra to menn med lav utdanning utgjer Bård og Atle for aller første gang eit tospann på scena. Sannsynlegvis ærlegare, antakeleg frekkare og mulegens  morsommare enn nokon gong.

View Event →
Slik takler du idiotene på jobben!
Oct
21
7:00 PM19:00

Slik takler du idiotene på jobben!

Eit føredrag om dei vanskelege kollegane av Per Henrik Stenstrøm.

Noregs mest medieomtalte foredrag de siste årene kommer nå snart til ditt kulturhus. Den prisbelønna føredragshaldaren Per Henrik Stenstrøm legg ut på turné med foredraget som lærer deg å handtera dei vanskelege kollegane.

Du vet de som forsurar arbeidsplassen din. Dei irriterande kollegane som tapper deg for krefter. Alle har minst éin idiot på arbeidsplassen, men spørsmålet er om det går an å sette pris på ein egoistisk surpomp? Og kva for ein kollegatype er du?

Dette er eit foredrag om moderne motivasjonsteori som skapar betre miljø på jobben. Om krevjande kollegar. Tidstjuven, møteplagaren, ordgytaren, gledesdreparen, betrevitaren og solstrålen. Om konfliktane som oppstår mellom medarbeidarar. Om frustrasjonen og brysame forskjellar på jobben.

View Event →
Bjarte Tjøstheim – «Det går betre no»
Oct
16
7:00 PM19:00

Bjarte Tjøstheim – «Det går betre no»

Bjarte Tjøstheim i Storsalen med soloforestillinga «Det går betre no»!

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv – når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramledar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterar med ein personleg og sjølvironisk framsyning om å leva med frykt for det aller meste.

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminne bekrefta den indre frykta for kva livet kan føra med seg av farar og utfordringar.

I soloforestillinga Det går betre no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at engler skal komma for å redda han når livet er på sitt aller mørkaste. Engler med vinger, eller berre med kvit frakk.

Den største frykten er likevel å bli gal og at psykiateren skal sei at han er klin kokos. Men då Bjarte først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste plassen å vera.

View Event →
Vestland, Vestland
Oct
1
7:00 PM19:00

Vestland, Vestland

Teater i Storsalen!

I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?

Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?

Går det an å flørte i dalatrekk?

Er det trist når nabosvinet døyr?

Kva har skjedd og kor er vi på veg?

Kort sagt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.

På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland»er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.

View Event →
Riksteatret: «Vaffelhjarte» av Maria Parr
Apr
30
6:00 PM18:00

Riksteatret: «Vaffelhjarte» av Maria Parr

Ein venn i livet skulle alle ha!

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk fra Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du gleda deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vetle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning føl me dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finner på masse moro, gjer rampestrekar og har hemmelegheita saman. Ofte går det litt over styr i den vetle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redselen for å miste de han er glad i. Men Farfar følger med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som laga verdens beste vafler, forsikrar Trille om at han ikkje behøver å være redd.

View Event →
SAGAS - Opera Nordfjord
Apr
26
5:00 PM17:00

SAGAS - Opera Nordfjord

Opera Nordfjord innbyr til magisk Filmmusikk-turné

Endeleg er SCORE tilbake med nytt samarbeid med Opera Nordfjord! Etter stor suksess våren 2017 med dataspelmusikk, innbyr vi til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Nordfjordeid, Førde og Sogndal 24.-26. april 2020. Vi tek deg med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå Fantasy-sjangeren, i tillegg til klassikarar frå spel-verda.  Vi byr på kassasuksessar som Harry PotterNarnia, The Lord of the RingsConan – The BarbarianWorld of Warcraft, Carmina Burabna, Skyrim, Shadow of the Colossusog sjølvsagt musikk fråd emn umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.

Konferansier vert inspirerande Fantasy-ekspert Orvar Sãfström, og Sabina Zweiacker er tilbake som solist  med si vakre sopranstemme.

Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga Fantasy-tilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 40-tals orkester og stort kor, samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og Musikklinjekoret ved  Firda vidaregåande skule. Dirigent vert Michael Pavelich. 

View Event →
Riksteatret: Tante Ulrikkes vei
Mar
31
7:00 PM19:00

Riksteatret: Tante Ulrikkes vei

Suksessboka blir teater med Det Norske Teatret og skal på turné med Riksteatret!

Det er Noreg på 2000-talet. To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldra hadde eit håp. Sjølv står dei midt i brytinga mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterar og keef. 

Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone. 

Med Tante Ulrikkes vei har det lokale blitt globalt. Ei historie frå ein drabantby i Oslo har blitt til ei historie som angår oss alle, uansett kor i landet vi bur. Riksteatret er glade for at vi får lov til å bringe Det Norske Teatrets sceneversjon ut på turné til heile landet.

View Event →
Folk og røvere i Kardemomme by
Mar
8
3:00 PM15:00

Folk og røvere i Kardemomme by

Victoria Productions AS presenterer:

Folk og røvere i Kardemomme byAv Thorbjørn Egner

Velkommen til Kardemomme by! 
Ein hyggeleg, liten by kor Politimestar Bastian gjer så lite han kan, Tante Sofie ikkje er så fornøgd med dèt, og trikken går når den skal.

Og no skal det feirast! For no er det den store by-festen med song og med dans og med moro. Tobias skal synga ei visa, barna skal dansa, det blir bidrag frå papegøyar og kamelar!

Men sjølv om gamle Tobias i tårnet melder om fint vèr, er det likevel nokre mørke skyer i horisonten. Dei tre røvarane driver nemleg og røvar! Både til seg sjølv og til den farlege løva si. Og no har dei fått ein idé! Kva om dei røvar sjølvaste Tante Sofie! Kan det gå bra?

Scenografi og kostymer er laga etter Thorbjørn Egners originale tegningar.

Dette er ei tradisjonell oppsetjing som ivaretek alle dei kjente og kjære elementa som alle generasjonar har blitt så glad i.

Kamomilla, Tommy, Løven, og alle de andre barna blir spelt av lokale aktørar.
Så her møter dykk kjente og kjære skikkelsar på fleire plan!

View Event →
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete
Mar
7
7:00 PM19:00

Are Kalvø - Hyttebok frå helvete

Are Kalvø med humorshowet "Hyttebok frå helvete"!

Ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.

Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. 

Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake.

Dette har aldri vore eit problem. Før no. 

For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. 

Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell.

For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.

Resultatet blei «Hyttebok frå helvete», ei svært morsom og litt sint bok om vår tid og vårt merkelige forhold til naturen. 

Denne kvelden fortel han om turen, om vår tid, om naturen og om overraskande mykje anna som du ikkje trudde hadde noko med saka å gjere. Det blir stand-up. Det blir vitsar. Det blir tull. Det blir eit par uventa harde utfall mot alle som liker fjell betre enn folk. 

Etterpå kan du snakke med Kalvø, seie bortimot kva du vil til han, og kjøpe signerte bøker.

View Event →
100 songar
Feb
29
6:00 PM18:00

100 songar

Teaterstykke i Storsalen med Teater Vestland.

Eit kjærastepar flørtar med kvarandre, og ei kvinne kjem springande for å rekke toget. På stasjonskafeen skiftar musikken frå «Don’t dream It’s over» til «Bette Davis’ Eyes», og gjennom glasruta møter servitør Sally blikket til ein framand. I det same glepp ein kopp ut av hendene på henne. Den går i knas mot golvet, og verda står i brann.

«100 songar» tar for seg ein periode på fire minutt og fire sekund, frå folk stimlar saman på perrongen klokka 08.51, og til toget går opp i flammar like etter at det har forlate stasjonen klokka 08.55.

Til ein rytmisk struktur av ulike songar blir historia snurra tilbake til minutta og natta før det smell. Dei reisande fortel om livsviktige møte som dei har hatt, om draumar og om songane som får dei til å nynne i morgontrafikken. Alle har sin eigen melodi på leppene, fram til klokka blir fem på ni, og stemmene deira eksploderer i ein kakofoni.

«100 songar» er eit rekviem som handlar om døden, men snakkar om livet. Roland Schimmelpfennig løftar fram historiene til ei rekke tilfeldig forbipasserande. Han er utan tvil ein av dei mest tonegivande dramatikane i vår tid, spelt over heile verda, og vi er umåteleg stolte av å ha norgespremiere på «100 songar».

View Event →
FINN-ERIX: Basarkonsert
Feb
28
7:00 PM19:00

FINN-ERIX: Basarkonsert

Basarkonsert med Finn-Erix i Storsalen!

Det velkledde populærorkesteret Finn-Erix har i snart 20 år begeistra og underholdt publikum gjennom tv og radio, festivaler og teater. Frå bryggescenar i Bergen, via juleturne med Sissel til stadionbasar i Nordfjord. På sitt unikt musikalske vis gir dei nytt liv til kjente songar, i tillegg til å presentere eigne hits. Klassikaren Hjørdis med H låg på Norsktoppen i vekevis for ikkje å snakka om sommarhiten Lars Gaular frå 2019. No kjem endelig Finn-Erix til ein stad nær deg. Det blir sjølvsagt basarkonsert med åresal, trekning og fruktkorg. Kort sagt topp underhaldning. Vel møtt!

View Event →
The Sleeping Beauty - Royal Opera House
Feb
8
6:00 PM18:00

The Sleeping Beauty - Royal Opera House

Den onde feen Carabosse blir rasende over å ikke bli invitert i Prinsesse Auroras dåp. Hun gir barnet en spinnetein som er forbannet. En dag skal barnet stikke seg på denne og dø. En av de andre feene gir Aurora en mildere trolldom i dåpsgave, nemlig at Aurora ikke kommer til å dø, men falle i en dyp søvn som bare et kyss fra en prins kan vekke henne fra.

På 16-årsdagen sin oppdager Aurora spinneteinen og stikker seg. Hun faller i en dyp, forhekset søvn og hele palasset sovner med henne. Hundre år senere oppdager Prins Florimund palasset som har vært skjult i en stor mørk skog til nå. Han vekker Aurora med et kyss.

The Sleeping Beauty har en spesiell plass hos Royal Opera House da dette var den første balletten som ble satt opp i 1946, etter andre verdenskrig.

View Event →
Odd Nordstoga
Feb
4
7:00 PM19:00

Odd Nordstoga

Konsert i Storsalen med Odd Nordstoga: «Min eigen song»

Etter eit sjølvpålagt nesten konsertfritt år er det med stor spelelyst 2020 blir sett i gang med ein omfattande soloturne.

På TV kan du sjå han på «Hver gang vi møtes» og truleg blir det eit par låtar med derfrå ut i konsertsalane. Kanskje også ein smakebit frå eit nytt soloalbum som kjem i løpet av året, men både Frøken Franzen og Farfar blir nok fornærma om dei blir sett til sides, så dei må få vera med.

Utover det får berre den som ser sjå. Heilt sikkert er det at Noregs svar på Odd Nordstoga, han kjem. Og han er kjempeglad for å koma ut på tur og møte folk igjen, og vil strekke seg langt for at folk skal bli glade.

View Event →
Berit Nordstrand - Omstart30
Jan
28
7:00 PM19:00

Berit Nordstrand - Omstart30

Få med deg føredraget "OMSTART30" i Storsalen med lege Berit Nordstrand!

Ønsker du å gå ned nokre kilo utan å telja kaloriar? Vil du ha meir energi og overskot til å trena? Eller har du helseplagar du vil bli kvitt, slik som irritabel tarm, allergi og matintoleransar?

Har du inflammasjon i kroppen og diffuse smerteplager, eller kanskje du slit med kronisk sjukdom. Då bør du få med deg føredraget OMSTART30, der du lærer å bruka 30 dagar med nydeleg mat som antiinflammatorisk medisin.

I føredraget OMSTART30 tek lege Berit Nordstrand deg med på ei kunnskapsreise gjennom kroppen. Med humor og sjølvironi inspirerar ho publikum til små matgrep med betydeleg effekt for kroppens tilfriskning.

Mat som kan reparere lekk tarm, dempe inflammasjon og eliminere sjølve årsaka til overvekt og livsstilsrelaterte kronisk sjukdom. Invester nokre timar av di tid og få kunnskap som kan forandra resten av ditt liv. Ta med ein venn, gutteklubben, damelaget eller familien. Ta ein OMSTART30 dei neste 30 dagane og opplev varig endring, ei forandring som frydar.

View Event →
Vi vandrar saman i Nynorskens skog
Jan
25
8:00 PM20:00

Vi vandrar saman i Nynorskens skog

Konsert i Storsalen med Stardalen Mannskor i lag med Olav Stedje, Oddvar Torsheim og konferansier Arve Uglum.

Stardalen Mannskor inviterer til konsert;
Vi vandrar saman i Nynorskens skog  i Sogndal kulturhus, 25. januar 2020, kl. 20.00

Konserten er ein hyllest til nynorsken, forfattarar og gode formidlarar av språkforma. I tillegg til songar av og i lag med Olav Stedje og Oddvar Torsheim, vil det bli framført tekstar av kjende forfattarar som  Edvard Hoem,  Per Sivle, Geirr Lystrup, Johannes Kleppevik, Ingvar Moe og Svein Dag Hauge.  Repertoaret inneheld også fleire songar som Ragnar Sande har sett nynorsk tekst til.

Stardalen Mannskor vonar publikum får ei minnerike oppleving.

Medverkande:
Olav Stedje
Oddvar Torsheim
Arve Uglum
Stardalen Mannskor

View Event →
Nyttårskonsert med Bergen Filharmoniske Orkester 2020
Jan
7
7:30 PM19:30

Nyttårskonsert med Bergen Filharmoniske Orkester 2020

Nyttårskonsert i Storsalen!

Bergen Filharmoniske Orkester gjester Sogndal kulturhus med den tradisjonelle nyttårskonserten. 
Det blir flott, festleg og sprudlande musikk - ein festkveld med kjende tonar og hyggelege overraskingar.

Konferansier er Ingvill Tennfjord.

Bestill bord hjå oss og nyt eit flott måltid før konserten!

View Event →
The Nutcracker - Royal Opera House
Dec
21
4:00 PM16:00

The Nutcracker - Royal Opera House

Clara får en magisk nøtteknekker i julegaven. Når klokken slår midnatt sniker hun seg ned i stuen og oppdager et magisk eventyr som venter på henne og Nøtteknekkeren.

Magikeren Drosselmeyer forvandler tegnerommet til en slagmark mellom lekesoldatene og musene. Clara redder Nøtteknekkerens liv og Musekongen taper slaget. For å feire sender Drosselmeyer Clara og Nøtteknekkeren til et magisk kongeringe av søtsaker.

Forestillingen ble spilt inn i desember 2016.

View Event →
4. Laurdag i advent - 2019
Dec
20
8:30 PM20:30

4. Laurdag i advent - 2019

Det blir show med "4. Laurdag i advent" i år og!

Lettbeint, hjulbeint og kalvebeint.
Lettflirte tekstar framført av tre velkledde herrar med gjester.

Ring førjula inn med 4. Laurdag i advent.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus 
Tid: Fredag 20. desember kl. 20:30 
       Laurdag 21. desember kl. 18:00 og kl. 20:30

Nyt eit flott julemåltid hjå oss før eller etter showet!

View Event →
Ørjan Burøe - Store gutter gråter ikke
Nov
23
7:00 PM19:00

Ørjan Burøe - Store gutter gråter ikke

Store Gutter Gråter ikke. Det seiest at store gutar gret ikkje. Kvifor ikkje, eigentleg? 
Ørjan Burøe påstår vertfall at han ikkje finst noko redd for å visa følelsar.

Han kan fint dela det som skjer inni seg med Gud og ein kvarmann. Det må rett og slett til, meiner han, for då får me ein endå betre verden – gjer me ikkje? Og så får me masse stoff me kan laga humor av.

Heldigvis så er det lov å snakka om følelsar i våre dagar, snakka om det indre livet og ikkje berre alt maset rundt oss. Dei fleste oppegåande mennesker veit godt at det kan gå veldig galt med folk som ikkje evnar å uttrykka kva dei føler. Så kva er det me ventar på? Store gutar gret ikkje. Jodå, det gjer dei, men dei treng berre ei skulder å grina på. Kanskje det kan vera skuldra til Ørjan? For i kveld i det minste.

I tre år har Ørjan Burøe reist med showet «Fordommer» og spelt nesten 200 førestillingar. Med «Store Gutter Gråter Ikke» lagar Burøe nok ein gang morosam og personoleg førestilling med tette punchlines. Me håpar at du kjem til å le og kosa deg, og kanskje til og med gret ein liten skvett – om du vågar.

View Event →
Riksteatret: «Romeo og Julie» av William Shakespeare
Nov
16
6:00 PM18:00

Riksteatret: «Romeo og Julie» av William Shakespeare

Den største kjærleikshistoria av dei alle

Kjærleiken kan få deg til å risikere alt du er og alt du har. Berre spør Romeo og Julie.
Dei er unge. Dei er stormforelska. Og som alle unge er dei udødelege. Men kjærleiken deira er forboden. Ei natt er alt dei får.

William Shakespeare si kjærleikshistorie frå slutten av 1500-talet er blitt ein inspirasjon for nesten alle historier vi kjenner om ung og umogleg kjærleik i TV, film, bøker og teater. Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å spele originalhistoria, er det med eit stort ensemble og sett i scene av ein av Noregs mest ettertrakta regissørar.

Sigrid Strøm Reibo (36) er kjent for å gjere klassikarane tilgjengelege for eit stort publikum. Ho står bak prisløna teateroppsetjingar som trippel Hedda-vinnar Orlando på Rogaland Teater, Som dere vil med Bertine Zetlitz på Nationaltheatret og publikumsfavoritten Peer Gynt på Gålå. Vi veit at ho vil gje oss ein ung og frisk versjon av Romeo og Julie – tru mot originalen, og trulaus mot alle som trur dei kjenner historia!

Etter premieren på Nationaltheatrets hovudscene, skal Romeo og Julie besøke 50 stader med Riksteatret i heile landet. Med unge lovande Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum som Romeo og Julie og skodespelarar som Anne Krigsvoll, Eindride Eidsvold og Petronella Barker i eit stort ensemble på scenen, ønskjer vi deg velkomen til haustens storsatsing på Riksteatret! 

Med Hanna-Maria Grønneberg, Herbert Nordrum, Anne Krigsvoll, Petronella Barker, Eindride Eidsvold, Kyrre Hellum, Morten Espeland, Sverre Breivik, Kim J. Olsen og Amell Basic. Musikar Sjur Miljeteig / Øystein Skar.

Av William Shakespeare. Omsett og gjendikta av André Bjerke. Lagt til rette av Sigrid Strøm Reibo og Njål Helge Mjøs. Regissør Sigrid Strøm Reibo. Scenograf og kostymedesignar Katrin Nottrodt. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Lysdesignar Agnethe Tellefsen. Koreografiassistent Oleg Glushkov. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret.

Framsyninga er fra kl 18:00 til 20:15 og det passer derfor perfekt med en middag på Malin før denne flotte framsyninga.

View Event →
Eggum & Sivertsen - VI TO (er ikke Romeo og Julius)
Nov
14
7:00 PM19:00

Eggum & Sivertsen - VI TO (er ikke Romeo og Julius)

Eggum & Sivertsen kjem til Sogndal kulturhus med showet VI TO (er ikkje Romeo og Julius)

Ryktet fortel at Eggum og Sivertsen har lagt nye planer, og tatt nokre nye (gitar)grep.
Førre gongen dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet, og no har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar. 

Med kjente og ukjente gullfunn i kvarandre si skattekiste, med varme og store dosar humor byr dei to på sine helt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt vennskap i botnen. 
Igjen skal desse to folkekjære, men veldig ulike artistane vise oss kvifor songane deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. 
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens tilstadeverelse, trøkk, rungande latter og myke, magiske augeblikk. 

Duo-formatet er nake og krevjande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten nærheit både til songane og til publikum. Eggum & Sivertsen stortrivast i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei. Sånne er gode å ha. Kvar gong vi møtast er det på ‘an igjen. 

View Event →
Pernille Sørensen- Kultur
Oct
19
7:00 PM19:00

Pernille Sørensen- Kultur

Pernille Sørensen er endeleg tilbake med ei ny solo-framsyning!

Det har gått åtte år sidan kritikerroste «Flink pike». Sidan sist har Pernille blant anna vore lagleiar i «Nytt på nytt», spelt i «Side om side» på NRK1 og blitt kåra til årets mest morosam av folket under komiprisen i 2016.

No har ho altså laga standupframsyninga «Kultur». Framsyninga handlar om kultur i alle formar og variantar. Høgkultur, lavkultur, kliss ny populærkultur og eldgamal upopulær kultur. Bakteriekultur og motkultur, snikskryt og tupé, basehopping og nakenbading.

Pernille Sørensen er meir enn klar for å navigere oss alle gjennom livets kulturelle labyrint.

Terningkast 6 Høy klasse, briljerer om kultur! - MORGENKLUBBEN MED LOVEN & CO (RADIO NORGE) 
Terningkast 5 Smart, morsom og finurlig forestilling! - VG 
Terningkast 5 Bare gled dere! - DAGSAVISEN

Dette kan fort bli haustens artigaste framsyning– den 19. oktober brakar det laust i Sogndal Kulturhus, om du er interessert i kultur eller ei!

Framsyninga er fra kl 19:00 til 20:15 og det passer derfor perfekt med en middag på Malin før denne flotte framsyninga.

View Event →
Riksteatret: LIV - eit møte med Liv Ullmann
Oct
14
7:00 PM19:00

Riksteatret: LIV - eit møte med Liv Ullmann

Eit møte med Liv Ullmann på Sogndal kulturhus. Om livet, karriera og alt ho drøymer om å gjera.

Liv Ullmann er ei av våre aller største stjerner, og med "LIV" skal Riksteatret og Nationaltheatret sørge for at publikum over heile landet får møte henne der dei sjølv bur. Møt henne på scena i ein openhjartig samtale med teatersjef Tom Remlov.

-Å reise rundt i Norge og møte publikum på hjemmebane er en av de tingene jeg har drømt om å gjøre igjen helt siden jeg spilte i "Lang dags ferd mot natt" på turné med Riksteatret. Denne gangen møter jeg publikum som meg selv. Som Liv. Det er hun jeg aller best liker å være, seier Liv Ullmann (80). -Jeg håper publikum vil stille meg spørsmål som jeg aldri har fått før, sier Ullmann, som sammen med teatersjef Tom Remlov vil inkludere spørsmål fra publikum hver kveld på turné.

"LIV" blir eit møte med den unge skodespelerinna, med Hollywood-stjerna og med den modne regissøren og menneskerettsaktivisten. Det gjennomløpande tema vil vere Ullmanns ønskje om samspel med menneska ho treff, og det ansvaret som eit stort talent medfører, enten det er for kollegaer, for våre livsvilkår – eller for publikum.

View Event →
Konsert med Lustrabandet Folk Flest
Oct
5
7:00 PM19:00

Konsert med Lustrabandet Folk Flest

Laurdag 5. oktober bil det konsert med Lustrabandet Folk Flest.

Folk Flest er attende i kulturhuset for 4. år på rad! 
Bandet har nytta vinter, vår og sommar til å øve inn mange nye sangar, og gledar seg til å framføre desse for publikum. 
Som før er sangane henta frå country og irsk musikk, men de vil og få høyre nokre norske perler. Også i år har bandet med seg spanande gjester.

Velkomen til ein kveld med gåsehud, rockefot og allsang! 

NB! I fjor vart billettane rivne vekk på nokre få dagar- så her må de være raske!!

View Event →
Kjetil Andrè Aamodt
Sep
30
7:30 PM19:30

Kjetil Andrè Aamodt

Føredrag med Kjetil Andrè Aamodt i Storsalen måndag 30. september!

Kjetil Andrè Aamodt er ein av tidenes beste alpinistar.

Med sin bakgrunn frå alpinlandslaget og samarbeidet i norsk idrett held han inspirerande føredrag om team, leiing, prestasjonskultur og korleis nå sine mål.

Aamodt har fleire medaljar frå internasjonale meisterskap enn nokon andre alpinistar:

Han har tjue meisterskapsmedaljar (VM- og OL-medaljer), derav fire OL-gull og fem VM-gull og er ein av berre fem mannlege alpinistar med verdenscupseiera i alle fem disipliner.

Denne eineståande medaljesamlinga er utstilt på Norges Olympiske Museum i Lillehammer.

I sesongen 1993/1994 vant Aamodt verdenscupen sammenlagt.

Kjetil har fått Kongepokal i 1993 og 2005 og Fearnleys olympiske ærespris i 2006.

Han kunngjorde at han hadde bestemt seg for å legga opp karrieren 6. januar 2007, då han vart kåra til «Årets mannlege idrettsutøvar» under Idrettsgallaen i Hamar OL-amfi. Han vant også tre andre prisar same kveld.

21. mai 2007 blei han tildelt St. Hallvardmedaljen «for å ha representert Norge og Oslo på en fremragende måte».

View Event →
Riksteatret: Svar på brev frå Helga
Sep
25
7:00 PM19:00

Riksteatret: Svar på brev frå Helga

Korleis hadde live vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken?

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minner blanda med svart humor og soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.

Den lille romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vann den islandske bokhandlarprisen i 2010 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. No blir det noregspremiere på teater med folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.

Svar på brev frå Helga er ei gripende fortelling om moden kjærleik - om ein lidskap som blir bestemmande for to menneske sitt liv, og som føder eit sakn de to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

Framsyninga er fra kl 19:00 til 20:30 og det passer derfor perfekt med en middag på Malin enten før denne flotte framsyninga.

View Event →
Halvor Johansson – Ta dere sammen!
Sep
21
7:00 PM19:00

Halvor Johansson – Ta dere sammen!

Standupførestilling med Halvor Johansson i Storsalen laurdag 21. september!

Stand Up Norge AS presenterer stolt:
TA DERE SAMMEN!
Av og med: Halvor Johansson


Stand Up Norge er stolte av å presentera «Ta dere sammen» – Halvor Johanssons første soloførestilling.

Halvor Johansson er på veg mot å bli ein av landets mest populære standupkomikarar.

Dei siste åra har han spelt i fleire førestillingar på Latter i Oslo kor han har briljert med sine hardtslåande betraktningar om private, kvardagslge og aktuelle tema.

Morgonsendingane hans på Radio Rock er også vorte ein snakkis og videospalten "Ta deg sammen», kor Halvor tek eit oppgjer med folk og fe han meiner fortenar å høyra det, har fleire millionar avspelingar på Facebook.

«Ta deg sammen» er Halvors første helaftens standupførestilling og består av tekstar han har utvikla på scena og radio den siste tida.

Det kjem garantert nokre klare meldingar om feil, manglar og forbetringspotensialet til Sogndal og folka som bur der.

Sjå fram til ein humorkveld av ypperste klasse med ein av landets morosamaste og mest frittalande komikar!

Start den humoristiske kvelden med eit godt måltid hjå oss på Restauranthuset Malin!

View Event →
Ingvard Wilhelmsen - Livet er et usikkert prosjekt
Sep
16
6:00 PM18:00

Ingvard Wilhelmsen - Livet er et usikkert prosjekt

Foredrag i Storsalen med Ingvard Wilhelmsen!

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 22 år drive ein liten Hypokonderklinikk ved Haraldsplass Diakonale Sykehus. Han har skreve fleire bøker, bl.a. "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv", "Kongen anbefaler" og "Det er ikke mer synd på deg enn andre".

Wilhelmsen fokuserar på våre haldningar. Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til det som skjer bestemmer vi sjølv. Han tek opp våre haldningar til grubling og bekymring, liv og død, usikkerheit og risiko, fortid og framtid.

Bestil eit bord og nyt eit måltid hjå oss før eller etter foredraget!

View Event →
Linda Eide - Oppdrag Mottro
Sep
7
7:00 PM19:00

Linda Eide - Oppdrag Mottro

Laurdag 7. september kjem Linda Eide til Sogndal kulturhus med showet sitt «Oppdrag Mottro»

Ei personleg jakt i ei felles fortid
Av og med Linda Eide

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum i Sogn og Fjordane få gleda av å oppleve Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjere. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

Start kvelden med god mat og drikke hjå oss på Restauranthuset Malin og bygg opp stemninga før framsyninga.

View Event →
Riksteatret: Bukkene Bruse lager rumpebrann
Sep
3
6:00 PM18:00

Riksteatret: Bukkene Bruse lager rumpebrann

Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rumpa til trollet!

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vafler på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

Ein av dei største suksessane til Riksteatret dei seinaste åra, er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

View Event →