Back to All Events

Billa and the Kid i Blaoboxen

Billa and the Kid

Sognelegendene Billa and the Kid spelar god blanding av nytt og gamalt materiale på Blaoboxen fredag! Hygg deg med god mat hjå oss før kjente slagerar og energisk folk-americana-pop!

Meir om førestillinga:
Billa and the Kid er Bjørn Rune Nondal og Gunnar Yttri. Sidan 1999 har desse herrane med jamne mellomrom herja indre Sogn og vestlandet elles med sin vindskeive og tankefulle folk-americana-pop.

Dei knirka seg i gang rundt år 2000 med singelplata Heim til Jul / 69-modell grå Ford Cortina, og sidan den gong har dei vunne mangt eit hjarta som likar ekte låtskriving med underfundige tekstar om kjærleik, turar og småkriminalitet.

Med den erkeklassiske låta Vikjahuset (2009) svinga Billa and the Kid seg opp til tung rotasjon på lokalradioen. Få eller ingen har vel unngått å få med seg dette samtidsdramaet av ei låt - ei låt som bedre enn nokon annan skildrar den lokale kriminalomsorgen.

Billa and the Kid er no attende for fullt - og med eit endå meir elektrifisert utrykk enn tidlegare. So langt i år har dei sluppe to låtar: Bergen By Blues og Sommaren utan deg. Dei arbeider jamt i studio med nye songar og ny plate. Det vert med andre ord ei finfin blanding av nytt og gamalt materiale når Billa and the Kid går på scena i Blaoboxen fredag 04. november.

Med seg på scena har Billa and the Kid sine musikalsk medsamansvorne gjennom mange år: Inge Ronny Kvåle på strengar og Bjørn Tore Årøy på tangentar.

Earlier Event: November 3
Hanne Boel Akustisk Trio
Later Event: November 7
Kulturskulen 10 år