Back to All Events

Darling West - Countrymusikk på Blaoboxen

darlingwest_fb_event.jpg

2017 har teke Darling West på kryss og tvers av landets konsertscener. I august opna dei Øyafestivalen på hovedscena i Tøyenparken. Dei har varma opp for Lucinda Williams i Finland og spelt med den amerikanske countryartisten Sam Outlaw i Sverige. I USA er bandet godt mottekne, og med 10 konsertar på SXSW i Texas, showcasar i New York og Nashville må det kunna kallast ein Amerika-suksess!

I september blei dei på ny invitert til Nashville og verdas største americana-festival, AmericanaFest, der dei spelte tre utsolgte konsertar.

Darling West sitt nye album «While I Was Asleep» blir sleppt på Jansen Records 16. februar 2018. Albumet følger opp forgjengerne ”Vinyl and a Heartache” (2016) og ”Winter Passing” (2014). I den anledning legg Darling West ut på ny turné i Noreg, og dei gledar seg til å spille nye og gamle låtar - for nye og gamle fans.

14. mars står Sogndal og Blaoboxen for tur - og då passar det godt med eit herleg måltid på Restauranthuset Malin før denne spennande konserten.