Back to All Events

Fliflet/Hamre i Blaoboxen!

Et god mat frå vår à la carte-meny før forestilling med Fliflet/Hamre i Blaoboxen på Kulturhuset.


Om forestillinga:
25-års jubileumskonsert med Fliflet/Hamre i Blaoboxen!

Den balkaninspirerte powerduoen Fliflet/Hamre feirar 25 år som band! Dette vert markert med ein sølbryllaupsturné! For 25 år sidan på denne datoen - eller i alle fall ein dato like i nærleiken - stod Fliflet/Hamre på scena på den gamle studentkroa i kjellaren på Flåtengården. Den gong fillerista dei publikum med sine skeive takter, festlege melodiar og og klassike bulgarske danselåtar!

Sidan oppstarten for 25 år sidan har duoen gjort tallause, og gitt ut fleire plater: Gabriole, Eine Kleine Kraftmusik og ikkje minst det kjente og kjære Ivar Aasen goes Bulgaria - sistnemnde eit must i alle nynorsktalande delar av lande

No er Fliflet/Hamre endeleg attende for å gje publikum nok ein intens konsert der det leikne samspelet og kommunikasjonen med publikum deler plassen i høgsetet. Pass opp for gryter, kjelar, trekkspel og rotlause taktartar!

Flifet/Hamre består av Gabriel Flilflet (trekkspel og vokal) og Ole Hamre (trommer, vokal, melodika og kjøkken!)

Torsdag 2. mars

Dørane opnar: kl.  20:00

Konsertstart:    kl.  21:00

Billettpris: kr.  235,-

* Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Later Event: March 5
Ung 2016