Back to All Events

Riksteatret: En midtsommernattsdrøm

Spis god mat hjå oss før eller etter teater på Kulturhuset.


Om stykket:
Stormforelska ungdom i verdens mest spelte komedie.

Shakespeare sitt berømte teaterstykke har alt: romantikk og ablegøyar, skjemt og alvor, eventyr og ettertanke. Her er det stormforelska ungdom, ekteskapskranglar med grusomme triks, generasjonskonflikter med dødstrugsmål, mystiske hallusinogenar og ein liten djevel av ein alv, Puck, som tuklar det til for alle. Men alle vil det same - at kjærleiken skal fungere.

"En midtsommernattsdrøm" er essensen av kva Riksteatret skal gje publikum: ein av dei mest populære klassikarane i verdsdramatikken, med ein trupp velopplagde skodespelarar, i ei framsyning signert tusenkunstnaren og regi-fenomenet Jo Strømgren.

Kompaniet «Fjerdeklasses produksjoner» har takka ja til å spele Shakespeare sin leikne teatertrupp. Dette er kullet som gjekk ut frå Teaterhøgskolen for fire år sidan, og som på rekordtid har markert seg som nokre av dei mest løfterike skodespelarane i sin generasjon, med hovudroller i både filmar, tv-seriar og på fleire av landets hovudscener.

På scena: 
Ingvild Holthe Bygdnes, Henriette Faye-Schjøll, Ester Marie Grenersen, Jo Adrian Haavind, Helle Haugsgjerd, Nader Khademi, Hanne Skille Reitan, Eldar Skar og Ine Marie Wilmann. 

Team
Av William Shakespeare. Oversatt og gjendiktet av André Bjerke. Regissør og scenograf: Jo Strømgren. Kostymedesigner: Bregje van Balen. Lysdesigner: Tobias Leira. Lyddesigner: Lars Årdal. Dramaturg: Tine Thomassen.

Ein Riksteatret-produksjon.

Speletid ca 1 time og 50 minutt (inkludert pause)

Earlier Event: March 11
Else Kåss Furuseth - Kondolerer
Later Event: March 16
Jaktkveld med Kristoffer Clausen