Back to All Events

Konsert med Mads Berven i Blaoboxen!

Kom innom oss å spis god mat før konsert med Mads Berven i Blaoboxen.

Mads Berven er ein allsidig gitarist (og jurist!) frå Bergen. Han er utdanna ved den sagnomsuste jazzlinja ved NTNU i Trondheim. I Mads Berven sitt gitarspel kan ein høyra ekko frå gitaristar som Django Reinhart, Wes Montgomery og Jimi Hendrix. Han leflar altså med fleire ting enn jazz, han har dertil vore verda rundt som gitarist i Ralph Myerz and the Jack Herren Band, og han har samarbeida med eit uttal av norske band og artistar i alle sjangre. Vi nemner i fleng: Frode Alnæs, Morten Abel, Kjetil Møster, Lars Vaular, Jahn Teigen(!) Real Ones og ein heil drøss andre.

Mads Breven har nyleg sleppt plata Zplint, som vart innspelt i Duper Studio av legendeprodusentane Yngve Sætre og Jørgen Træen. Zplint! kombinerar det nordiske, åpne jazzuttrykket med rytmikk fråi afganske og nordafrikanske grooves. Skiva består av 8 iøyrefallande låtar, stort sett alle skrevet av Mads Berven og arrangert av bandet i fellesskap.

Med seg på scena har Berven Jørgen Mathisen – tenor- og sopransax, Torbjørn Hillersøy – bass og førdianar, og ikkje minst Jarle Vespestad – lengendarisk trommis kjent frå det norske jazz milieuet og spesielt som den smilande trommisen i Farmers Market.

Earlier Event: April 22
Tapasbuffè
Later Event: May 1
Sogndal - Rosenborg