Back to All Events

Konsert: NRWY

NRWY

Nyt ein god middag hjå oss før konsert i Blaoboxen på Kulturhuset.


Om NRWY:

Konsert med NRWY i Blaoboxen!

NRWY (uttalast Norway) er attende med si fine blanding av rock og kraftpop! Med røter frå langt inni Jostedalen og høgt oppi Borgund har dei notoriske syskenborna Grov - Erik og Per Christian - dei siste åra pusla på med musikk. Dei herja realtivt hardt med det reindyrka popensemblet The Generous Days frå 2006 til ca 2011, og etter at det kapittelet var lukka starta dei etterkvart opp det nye bandet NRWY.

NRWY er no endeleg klare med sitt andre album - Not Now - som kjem 12. februar i år. Der albumdebuten - Negatives - frå 2013 hausta mange lovord for sin fine blanding av pop og alternativ country - har dei på årest oppfølgar lagt seg på ei langt meri rocka og Grovkorna linje. Det nye albumet er spelt inn i Parachute Studios i samarbeid med produsent Roar Nilsen som også har samarbeida med mellom andre Oslo Ess.

NRWY har gjort spelejobbar i USA og England, og leverar alltid eit solid liveshow! Konserten i Blaoboxen er ein del av fleire konsertear NRWY gjer i samband med sleppet av ny plate!

 – Vi har spelt mange plassar, men dette er første gongen vi spelar i ein boks! seier gitarist og komikar Per Christian Grov i ein kommentar.

NRWY består av:

Erik Grov - vokal, gitar

Per Christian Grov - gitar

Sjur Vidar Lilleås - trummor!

Jonatan Uranes - bass

Lill Katrin Bødal - tangentar, vokal

Laurdag 2. april

Dørane opnar:  kl.  20:00

Konsertstart:    kl.  22:00

Billettpris:          kr.  215,-

* Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Earlier Event: April 1
Teater: Vildanden
Later Event: April 8
Sogndal - FK Haugesund