Back to All Events

Opera Nordfjord - SCORE

Bilde%20liggande%20nyaste.jpg

Spennande fredag på kulturhuset!
Opera Nordfjord kjem til Sogndal med spelmusikk-konserten SCORE.

Dersom du er mellom 18 og 40 år, er spelmusikk eit kjend omgrep. Kanskje du vaks opp på 80- og 90-talet med ikoniske Mario, Zelda, Sonic og Megaman som ekstra bestevenner, eller på 2000- og 2010-talet og framleis er aktiv spelar og elskar fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo? Då har du mest sannsynleg eit ganske lidenskapeleg forhold til spelmusikken til dine favorittspel.

Om du er ein tradisjonell operapublikummar som elskar klassisk musikk og opera, er spelmusikk mest sannsynleg ukjend og framand og «ikkje noko for deg».

Trur du.

Likar du filmmusikk?
Då vil du garantert like spelmusikken til SCORE!

Fredag 3. mars 2018 kjem altså Opera Nordfjord til Sogndal med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige, og då inviterer vi ALLE som elskar god, symfonisk, akustisk musikk på ei oppleving du seint vil gløyme. Spelentusiast, rockar og konferansier Orvar Säfström og sopransolist Sabina Zweiacker skal saman med operaorkesteret, eit samansett kor og dirigent Michael Pavelich presentere eit variert og spennande konsertprogram med utdrag frå spela Final Fantasy, Assassin’s Creed, Battlefield, The Last of Us, Bloodborne og Journey med fleire.

Og kva passar vel betre enn god mat og flott musikk. Velkommen til Malin før eller etter denne spennande konserten.

Sjå smakebitar frå konserten på STV2 her

Earlier Event: February 23
Terje Sporsem - Religion
Later Event: March 7
Magnus Grønneberg