Back to All Events

Riksteateret: En mann ved navn Ove

Riksteateret kjem med sceneversjon av den populære romanen "En mann ved navn Ove". Førestillinga har Sven Nordin som hovudrolleinnhavar og er omtalt som "feelgood-teater med meining". Kombiner fantastisk dramakomedie på kulturhuset med god mat hjå oss før eller etter førestillinga.

Meir om stykket:
Sven Nordin i ei teaterfamsyning om kjærleik, ordentlege verkty og viktigheita av å køyre Saab. 

Riksteatret med sceneversjonen av den populære romanen!

Suksessromanen En mann ved navn Ove vart i fjor til både film og teater. I Stockholm fekk oppsetninga strålande mottaking og vart omtalt som «feelgood-teater med meining». Over 60 000 publikumarar har sett stykket til no. No kjem teaterversjonen til Noreg med vår alles eigen Sven Nordin på scena. 

Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboane sin store skrekk. Kvar morgon går han ein inspeksjonsrunde i borettslaget for å sjå at alt er på stell. Det til trass for at han for lengst er sett av som styreleiar, ei hending han sjølv alltid omtalar som statskuppet. Ove sparar på straumen og prutar i butikken, og han har alltid eit uvenleg ord på lager til dei fleste. Vi kjenner alle ein mann som Ove. Ein einsam mann som sørgjer over tapet av kona si. 

 - Reisa frå gretten gubbe til eit samansett og sårbart medmenneske er vakker, seier hovudrolleinnehavar Sven Nordin. 

Regien er ved Bjarni Thorsson, som tidlegare har hatt suksess saman med Nordin med framsyningane Hulemannen og Pappaen. Han er ikkje i tvil: Sven Nordin er som skapt for rolla som Ove. 

På scena:
Sven Nordin

Team:
Av Fredrik Backman
Dramatisert av Marie Persson Hedenius, Johan Rheborg og Emma Bucht
Oversatt av Nina M. Due
Regissør: Bjarni Thorsson
Scenograf og kostymedesigner: Finnur Arnar
Musikk: Frank Hall
Forestillingslengde: 1 time og 20 minutt (ingen pause)

Earlier Event: February 2
Riksteatret: Heia Flåklypa!
Later Event: February 16
Anne Kat Hærland - "GUDBEDRE"