Back to All Events

Riksteatret: Albert & Anna

Albert og anna liggande klar med terning.jpg

Teaterframsyninga Albert & Anna er produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

Framsyninga blir framført i storesalen i Sogndal Kulturhus, måndag 25. september!

Kjærleik gjennom livets årstider

Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Earlier Event: September 19
Sogn og Fjordane Teater: Fugletribunalet
Later Event: October 6
Sigrid Moldestad