Back to All Events

Riksteatret: Folk og røvere i Kardemomme by

Laurdag 10. februar 2018 kjem Riksteatret til Sogndal Kulturhus med teaterframsyninga Folk og røvere i Kardemomme by!

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert! 

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur. Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

Earlier Event: January 20
Ørjan Burøe - Fordommer
Later Event: February 16
Sogn og Fj Teater: Fysikarane