Back to All Events

Riksteatret: Oslo Danse Ensemble 2016

Kom innom oss å spis sushibuffè til 198,- før danseførestilling på Kulturhuset. Bestill bord online no!


Om førestillinga:
Hiphop, jazz og feiring av det mest populære dansekompaniet i Noreg!

Dei dansar så det gnistrar! Oslo Danse Ensemble er utan tvil ein av dei aller viktigaste døropnarane for dansekunsten i Noreg. Overalt legg dei publikum for sine dansande føter. Show, funk, hiphop, jazz og moderne. I tett driv drillar dei publikum og riv oss med i dansegleden.

ODE har hatt fem store Riksteater-turnear kor nærmare 50 000 (sjekk) publikummarar frå nord til sør har fryda seg over nye og friske talent i tett dans med sterke og erfarne krefter. No skal dei igjen ut på vegen for å feire at Oslo Danse Ensemble nettopp har runda 20 suksessrike år.

Åtte dansarar briljerer med ulike sjangrar i koreografiar signert Jo Strømgren, Toni Ferraz og Fredrik «Benke» Rydman. Med energi og formidlingsglede når dei heilt ut til bakarste rad. Ver advart: du får problem med å sitte stille!

Koreografiar av Toni Ferraz, Fredrik «Benke» Rydman og Jo Strømgren

Varigheit: ca. 2 timar (inkl. pause)

Earlier Event: March 19
Eva & The Heartmaker
Later Event: April 1
Teater: Vildanden