Back to All Events

Ørjan Burøe - Fordommer

Ørjan Burøe liggande.jpg

Laurdag 20. januar kjem Ørjan Burøe til Sogndal med soloførestillinga si "Fordommer"
To førestillingar, kl. 19:00 og kl. 21:00!

Dette er Ørjan Burøe si aller første soloførestilling. 
I over 18 år har han reist rundt som komikar, men det er først no han står åleine og Ørjan står stolpestøtt.

Dette er ei førestilling som røskar deg i sjela og han bevegar seg hårfint på kniveggen heile vegen. Med nærmare 50% skilsmissar i året meiner Ørjan det er på tide at ein tak seg sjølv, forholdet og barna på alvor. Førestillinga tek tak i tabubelagte temaer som sjalusi, sorg, fordommar, men også dei trivielle kvardagslege tinga me kanskje ikkje snakkar så mykje om.

Ørjan er ein komikar med voldsomt mykje på hjerta, og det tok ikkje lang tid før bloggen hans var blant Norges mest leste. Med lang fartstid på radio, TV og ikkje minst scene er dette ei morosam og sterk førestilling med tette punchlines, som gjer at du ler og ler og ler og kanskje til og med grin en liten skvett.