Back to All Events

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad liggande klar.jpg

Fredag 6. oktober blir det konsert med Sigrid Moldestad i storsalen!

“Eg vil vere her” er første smakebit frå det kommande albumet til Sigrid Moldestad som blir slept til hausten. Sangen er ein hyllest til livets evige mysterium og alle gåtene me ikkje har svar på.

“Singelen er resultatet av framtidsangsten som sette seg i kroppen i fjor haust, med alle forandringane i verdsbildet. Det har gitt meg ei stor bekymring for den verden vi skal etterlate til våre born. Eg merka at eg blei veldig oppteken av dei som står meg nærast og fekk eit endå sterkare ynskje om å holda dei i hånda og vera her for dei. Lenge..” fortel Sigrid Moldestad.

Earlier Event: September 25
Riksteatret: Albert & Anna