Back to All Events

Sogn og Fjordane Teater: Fugletribunalet

Tysdag 19. september kjem Sogn og Fjordane Teater til Sogndal kulturhus med teaterframsyninga Fugletribunalet!

I Fugletribunalet treff vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge sin hushjelp, deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etterkvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han setter djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og utfriing.

Earlier Event: September 13
Dagfinn Lyngbø - Supersmud
Later Event: September 25
Riksteatret: Albert & Anna