Back to All Events

Stedje Kyrkje: Heilage Jolehelg

Kos deg med vår gode julebuffé før julekonsert i Stedje Kyrkje.

 

Meir om konserten:
Gjengen bak Desembernatt er attende med eit nytt konsertprosjekt i Stedje kyrkje. Musikalsk leiar for prosjektet er pianisten Mats Vatlestad og med seg på laget har han musikarane Arild Slinde (obo/orgel) og Børge Vatlestad (tangentar) frå Desembernatt-ensemblet. Nye på laget er bassisten Amund Stokke og gitaristen Sindri Eydal Fridriksson. Amund er ein habil bandmusikar frå Kaupanger, no busett i Oslo. Sindri er fødd i Reykjavik, vaksen opp i Trondheim, tilsett i Sogn kulturskule som gitarlærar og har bustadadresse Sogndal. Lyd og lysdesign er som alltid ved Trond Øyre.

I tillegg stiller songarane Helga Liland Farestveit, Cecilie Kristoffersen, Marius Loftesnes og Kjell Olav Høstaker Nordheim. Helga, Marius og Kjell Olav er kjende frå tidlegare julekonsertar i Stedje kyrkje, medan Cecilie er ny i ensemblet.

Helga studerer klassisk song ved Universitetet i Agder, der også Børge, Mats og Cecilie er studentar. Kantor Arild Slinde vil ha ei eiga avdeling i konserten saman med Helga.

HEILAGE JOLEHELG vidarefører tradisjonen frå forgjengaren med å gi plass for unge, lokale talent på scenen. Årets unge songtalent er Kristina Holm Holen. Repertoaret som vert presentert under konserten er i stor grad henta frå den nye salmeboka, men levert i ny innpakning. Publikum vil i tillegg bli utfordra på å delta med allsong.

Earlier Event: November 17
S&F Teater: Kvinna frå før
Later Event: November 26
Dag Sørås – Ekkokammer