Nyheit: Kinesisk tapas-buffet på fredagar

Lei av taco-fredag? Restauranthuset Malin lanserer no kinesisk tapas-buffet på fredagar.

Våre kokkar har utvikla eit nytt og spennande mattilbod i Sogndal. Kvar fredag framover vil vi frå kl. 16.00 tilby kinesisk tapas-buffet. Her har vi henta inspirasjon frå spanske tapasbord, miksa det med våre kinesiske mattradisjonar og tilpassa det til norske smakar. 

Vi trur du vil like å kombinere kinesiske småretter til eit herleg måltid. Og kva er meir sosialt enn tapasbord saman med familie eller venner ein fredagskveld?

Buffeten er open 16.00 - 22.00.

Prisar

Et så mykje du vil! Pris for kinesisk tapas-buffet med dessert og kaffi:
Vaksne: kr. 328,- for middag, dessert og kaffi
Born 6-12: 1/2 pris. Under 6 år: gratis

Velkommen til kinesisk tapas-buffet på fredagar!

Gasta Design

Gasta design as, Trolladalen 30, Sogndal, Norway