Back to All Events

Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans!

Teater for dei minste i Storsalen, tysdag 25. september!

Victoria Productions AS presenterer: Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans! 

Alle barn kjenner historia om den stakkars Muldvarpen som plutseleg får ein stor og ekkel bæsj midt oppe på hovudet. Slikt kan ein ikkje finna seg i! Noko so frekt! Og då starta jakta på syndaren. Er det den sinte haren? Den glade grisen? Den forelska geita? Eller kanskje hesten med verdens største sjølvtillit som kan ha vore so frekk? Eller kanskje er det nokon heilt andre? Muldvarpen må etterkvart be om hjelp frå flugene - verdens største møkkaekspertar - for å løyse mysteriet......

Historien om den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans, er blitt ein av vår tids største barneboksuksessar.

Etter framsyninga kan ein møta og helsa på Muldvarpen!

 

Earlier Event: September 19
Gabriel Fliflet - Sevje
Later Event: September 26
Sogn og Fjordane Teater: Yogakrigen