Back to All Events

Eggum & Sivertsen - VI TO (er ikke Romeo og Julius)

Eggum & Sivertsen kjem til Sogndal kulturhus med showet VI TO (er ikkje Romeo og Julius)

Ryktet fortel at Eggum og Sivertsen har lagt nye planer, og tatt nokre nye (gitar)grep.
Førre gongen dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet, og no har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar. 

Med kjente og ukjente gullfunn i kvarandre si skattekiste, med varme og store dosar humor byr dei to på sine helt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt vennskap i botnen. 
Igjen skal desse to folkekjære, men veldig ulike artistane vise oss kvifor songane deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. 
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens tilstadeverelse, trøkk, rungande latter og myke, magiske augeblikk. 

Duo-formatet er nake og krevjande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten nærheit både til songane og til publikum. Eggum & Sivertsen stortrivast i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei. Sånne er gode å ha. Kvar gong vi møtast er det på ‘an igjen. 

Earlier Event: October 19
Pernille Sørensen- Kultur