Back to All Events

Eva Weel Skram - Finne Heim

Eva liggande klar.jpg

Kombiner konserten med Eva Weel Skram med eit fantastisk måltid på Malin:) På søndagane byr Malin på Sushi buffet.

Turneavslutning i Sogndal med Eva Weel Skram i Storsalen, søndag 2. desember!

Det blir to konsertar i Storsalen, kl. 17:00 og kl. 19:30!

Dei siste åra har Eva Weel Skram for alvor teke steget opp til å bli ein av landets aller mest folkekjære artistar. Helt sidan Eva byrja å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta.

Høgdepunkta frå dei siste åra er mange; ”Selmas Sang” var temalåt for NRKs storsatsning Snøfall, og Evas framføring av den vakre singelen ”Berre la meg vær” på NRK Lindmo var gripande og personleg, og trefte publikum rett i hjerta.

Utslede hus i Operaen og Sentrum Scene i Oslo, Grieghallen i Bergen, Olavshallen i Trondheim og uendelege festivalspelingar har opna augene til publikum rundt om i landet, og dei vender tilbake gang på gang.

Singlar som ”Hold meg”, og den aller nyaste ”Om du vil” har blitt lagt til rekka av tidlegare hits frå ”Hver gang vi møtes” og Eva & The Heartmaker, og Eva har annonsert at fleire singlar kan ventast frå hennar kant utover våren. På seinsommaren slepp ho sitt første album på norsk.

Det er berre å gleda seg til nye høgdepunkt frå heile Norges Eva Weel Skram.

Turnèen heiter "Finne Heim", og den blir avslutta i Sogndal 2. desember!