Back to All Events

Gabriel Fliflet - Sevje

Fliflet liggande.jpg

Sevje - mjuk, melodisk kraft frå Gabriel Fliflet. Konsert i Blaoboxen onsdag 19. september!

19. september gjestar gjestar Gabriel Fliflet Blaoboxen. Gabriel Fliflet er ein av våre aller fremste folkemusikarar, og eit solid navn både i Noreg og i utlandet. Med seg i trekkspelkofferten har han musikk frå plata Sevje, som er den fjerde soloplata hans.

I konserten Sevje syng Gabriel Fliflet eigne melodiar, med nerve og nærvær. Eigne ord, og tekstar av Per Olav Kaldestad, Kjartan Fløgstad, Robert Burns og andre. Her vert det viser med et fast handtrykk, og melodier ein ikkje vil krangle med. Klangbotn frå et liv i mang slags folkemusikk. Ru røst. Poesi, luft og ettertanke - og eit underfundig smil. All musikk er laget de siste to-tre årene.