Back to All Events

Halvor Johansson – Ta dere sammen!

Liggande klar til nettsida.jpg

Standupførestilling med Halvor Johansson i Storsalen laurdag 21. september!

Stand Up Norge AS presenterer stolt:
TA DERE SAMMEN!
Av og med: Halvor Johansson


Stand Up Norge er stolte av å presentera «Ta dere sammen» – Halvor Johanssons første soloførestilling.

Halvor Johansson er på veg mot å bli ein av landets mest populære standupkomikarar.

Dei siste åra har han spelt i fleire førestillingar på Latter i Oslo kor han har briljert med sine hardtslåande betraktningar om private, kvardagslge og aktuelle tema.

Morgonsendingane hans på Radio Rock er også vorte ein snakkis og videospalten "Ta deg sammen», kor Halvor tek eit oppgjer med folk og fe han meiner fortenar å høyra det, har fleire millionar avspelingar på Facebook.

«Ta deg sammen» er Halvors første helaftens standupførestilling og består av tekstar han har utvikla på scena og radio den siste tida.

Det kjem garantert nokre klare meldingar om feil, manglar og forbetringspotensialet til Sogndal og folka som bur der.

Sjå fram til ein humorkveld av ypperste klasse med ein av landets morosamaste og mest frittalande komikar!

Start den humoristiske kvelden med eit godt måltid hjå oss på Restauranthuset Malin!