Back to All Events

Jan Eggum

Eggum liggande.jpg

Nyt eit måltid på Maling før konsert med Jan Eggum:)

Konsert med Jan Eggum i Blaoxen på Sogndal kulturhus!

Det blir sagt at at Jan Eggum gir melankolien eit andlet, og dersom nokon skal bryte ned den myta, så må det vere Jan Eggum sjølv. 
Eggum er dreven i møtet med publikum, veit kva dei vil ha og måler skarpe og vare betraktningar om moderne menneske på jakt etter noko å halde fast i. På scena osar han av humor, varme og livserfaring som de fleste av oss berre kan oppleve på nettopp Jan Eggum konsert.

Som ein viktig og markant skikkelse innan norsk visekunst og populærmusikk sida midten av 70-tallet, er Jan Eggum er kjend for å vere ein munter melankolikar. Han karakteriserar seg sjølv som en artist som syng enkelt om vanskelige ting, gjerne om det mellomennekslege.

Musikalsk har han sitt utgangspunkt i visetradisjonen, med klare referansar til jazz og rock. Jan Eggum har motteke flere Spellemannpriser, både som soloartist og som medlem av Gitarkameratene.

Sjå fram til ei spesiell og intim konsertoppleving men ein av dei verkeleg store i norsk musikk! Søndag 4. november gjestar nemleg Jan Eggum Blaoboxen i Sogndal kulturhus.


Earlier Event: October 31
Vamp
Later Event: November 9
Sogn og Fjordane Teater: Eg er i går