Back to All Events

Jentepust 2019

Web Sogndal kulturhus (002).png

Treng du ein pustepause i kvardagen? Då er jentepust noko for deg!

Jentepust er ein verdensnyheit i trivselsfylket. 
Ein ide for å bringe saman jenter og damer i alle aldrar, ein konferanse der ein ønskjer alle velkomne, jobb eller privat, med tema som vi er opptekne av og som engasjerar oss personleg.

På Jentepust får du oppleve motiverande foredrag, god mat og drikke i ein hyggeleg atmosfære. 
Dette skal vere ein pustepause i kvardagen. 
Len deg tilbake, få deg ein god latter, bli inspirert, nyt dagen saman med gode vener og få påfyll av energi.

Føredragshaldarane Anne Lindmo, Linda Stuhaug, Trine Lerum Hjellhaug, Gunn Kristi Høgøy og Trude Ramstad er klare til å underhalde deg! Anne-Mette Hjelle er konferansier og losar oss trygt gjennom dagen.