Back to All Events

Julesong 2018 med Olav Stedje

julesong 2000 x4000 Olav Stedje.jpg

Få ein fin aften med mat på Malin og julekonsert:)

Julekonsert i storsalen med Olav Stedje, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle.
To konsertar; 17:00 og 19:30

I fjor hadde Julesong tre fulle hus i Sogndal Kulturhus!

I år er songarane i Julesong tilbake med saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle (strengeinstrument), Bjørn Tore Årøy (tangentar), John Børge Askeland (bass), og Trond Øyre (lyd- og lysdesign).

Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

Kremlaget som dannar “Julesong 2018” vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “ NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.

Olav stiller mellom anna med melodiar frå sitt julealbum “Stille Natt” som kom ut i 1983. Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar, medan Einar og Gunn Marit syng fleire av dei mest kjende julesongane, og andre sangar som høver i førjulstida.

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg.
 

Earlier Event: December 2
Eva Weel Skram - Finne Heim