Back to All Events

Linda Eide - Oppdrag Mottro

liggande til nettsida.jpg

Laurdag 7. september kjem Linda Eide til Sogndal kulturhus med showet sitt «Oppdrag Mottro»

Ei personleg jakt i ei felles fortid
Av og med Linda Eide

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

Endeleg kan publikum i Sogn og Fjordane få gleda av å oppleve Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjere. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

Start kvelden med god mat og drikke hjå oss på Restauranthuset Malin og bygg opp stemninga før framsyninga.