Back to All Events

Riksteatret: Bukkene Bruse lager rumpebrann

Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rumpa til trollet!

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vafler på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

Ein av dei største suksessane til Riksteatret dei seinaste åra, er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

Earlier Event: April 30
Dans utan grenser
Later Event: September 7
Linda Eide - Oppdrag Mottro