Back to All Events

Riksteatret: Bukkene Bruse på Badeland

Kom innom oss å kose deg med god mat før eller etter teaterforestilling for born på Kulturhuset.


Om forestillinga:
Utruleg morosamt om bukkane som vel Badeland framfor setra. Eit dokketeater produsert av Oslo Nye Teater og Riksteatret.

Bukkane Bruse er som vanleg på veg til seters for å gjere seg feite. Men på vegen dit ser dei eit nytt skilt: Badeland – 200 meter. Bukkane blir freista til å leike i det våte elementet.

Badeland er spennande, særleg den superkule sklia Snurre Snabel. Men så kjem det bøllete trollet og lagar kaos. Her må den største bukken Bruse ta tak!

Framsyninga er basert på ein av dei mest selde barnebøkene dei siste åra, og passar for barn og barnslege i absolutt alle aldrar.

Ta ikkje meg, ta heller bror min!

Speletid: ca 50 min

Ein samarbeidsproduksjon mellom Oslo Nye Teater og Riksteatret

På scenen: Paal Viken Bakke, Marianne Edvardsen, Ingrid Liavaag, Suzanne Paalgard, Sarah Sandberg og Per Skjølsvik.

Av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund. 
Dramatisering og songtekstar: Tine Thomassen. 
Regissør: Anne Marit Sæther og Espen Dekko. 
Komponist: Martin Smidt. 
Scenograf, dokkedesignar, kostymedesignar og dokkemakar: Gilles Berger og Ina Sæther Berger. 
Lysdesignar: Anders Audum. 
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg. Produsent: Emnet Kebreab.

Later Event: March 3
Fliflet/Hamre i Blaoboxen!