Back to All Events

Riksteatret: «Fuglane» av Tarjei Vesaas

Fuglane liggande klar.jpg

Fuglane av Tarjei Vesaas i Storsalen 21. mars kl. 19:00

Den som har møtt Mattis, gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møte han. Forteljinga om Mattis har fengsla stadig nye generasjonar like sidan Vesaas-romanen først kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han kallast i bygda. Vi dreg kjensel på han, både hos andre og i oss sjølv. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han treffer oss så sterkt – uansett kvar vi sjølv er i livet.

Mattis og storesystera Hege bur åleine og i svært enkle kår. Hege strikkar for å skaffe til livets opphald, men når Mattis tek seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekkjer over hustaket. Han kjem til å tenkje på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eitt av dei høge trea utanfor huset. Det ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla Mattis-og-Hege. Og når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp og får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, føler Mattis at heile livet er blitt endra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tåle eit liv utan Hege.

Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger, både i Norge og utlandet. Denne gongen blir Vesaas sitt meisterverk presentert av Riksteatret i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei siste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gje historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

Riksteatret skal fortelje historier som sameinar eit publikum over heile landet – historier som gjev oss tilhøyre til kulturen vi lever i, som gjer vår felles livsoppleving gjenkjenneleg, levande og nærverande. Og viktig. I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas sin roman Fuglane eit slikt felleseige.