Back to All Events

Riksteatret: Svar på brev frå Helga

liggande klar.jpg

Korleis hadde live vore dersom du hadde følgt den store kjærleiken?

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minner blanda med svart humor og soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom.

Den lille romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vann den islandske bokhandlarprisen i 2010 og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. No blir det noregspremiere på teater med folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.

Svar på brev frå Helga er ei gripende fortelling om moden kjærleik - om ein lidskap som blir bestemmande for to menneske sitt liv, og som føder eit sakn de to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

Framsyninga er fra kl 19:00 til 20:30 og det passer derfor perfekt med en middag på Malin enten før denne flotte framsyninga.

Earlier Event: September 21
Halvor Johansson – Ta dere sammen!
Later Event: September 30
Kjetil Andrè Aamodt