Back to All Events

Sogn og Fjordane Teater: Eg er i går

Eg er i går liggande.jpg

Fredag 9. november kjem Sogn og Fjordane Teater til Sogndal Kulturhus med teaterstykket "Eg var i går".

Mange historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Framsyninga er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Både Burn baby, burn og Saman skal vi leve blei laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der høvesvis småby-rånarane og ungdomsmiljøet rundt avlidne Arve Beheim Karlsen var anonyme, står den eldre garden fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd.

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av røynslene sine, og det er ei gåvepakke til oss som kjem etter. Vi får kunnskapen vi treng for å forstå kvar vi kjem frå, og denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går.

Earlier Event: November 4
Jan Eggum