Back to All Events

Sogn og Fjordane Teater: Translyria

translyria.jpg

TRANSLYRIA
SHAKESPEARE 
Omarbeidd av Frode Gjerløw

Her blir det kjønn og forviklingar på alle nivå. I god Shakespeare-ånd. 

Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola reiser etter for å finne han og blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd. Ho blir send på ei reise gjennom beingrind, muskelfibrar og nervesystem. 

Regissør Frode Gjerløw har laga ei moderne forteljing rundt kjende Shakespeare-klassikarar. Allereie for meir enn 400 år sidan braut Shakespeare med gjengse kjønnsoppfatningar. Han skreiv både vakkert og komisk om det feminine og det maskuline, noko som vart forsterka av at kvinner ikkje fekk stå på scena på Globe Theatre i London, og at kvinneroller difor vart spelte av menn. 

Shakespeare gir ekko heilt fram til vår eiga samtid, der transfobi og krav om å stå fram som «ekte» menn og kvinner legg hindringar i vegen for Romeo-ar og Julie-er. I dette stykket blir den historiske Shakespeare feira og dagens samfunn utfordra.  

Med: Sulekha Ali Omar, Anders Firing Aardal, Ida Løken Valkeapää, Benedikte Sandberg og Preben Rongve.

Later Event: April 25
Paddling Film Festival