Back to All Events

Sogn og Fjordane Teater: Yogakrigen

Yogakrigen_1000x500px.jpg

26. september kjem Sogn og Fjordane teater med teaterstykket "Yogakrigen", kombiner det med eit godt måltid på Malin :)

Pust med magen og legg att bekymringane dine utanfor døra. Du er god nok, akkurat slik som du er.

«Pokker ta ho megga som alltid kjem for seint. Og ho der med skilpaddetatoveringa, det er no vel aldri ... kona hans? Ho som står i vegen for mi lukke?».

Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei. I tankane går dei til åtak på kvarandre og ikkje minst seg sjølve med sleivete kommentarar og emosjonelle molotov-cocktailar.

Tenk deg at du kan sjå begge desse parallelle røyndomane - både yogaen og krigen - skje på ein og same gong framfor deg på scena. Kva er verkeleg, og kva er draum? Kva blir sagt, og kva blir tenkt?