Back to All Events

Stedje Kyrkje: Messias av Georg Friederich Händel

førde kammerkor liggande.jpg

Nyt eit fantastisk måltid hos oss før eller etter konsert i Stedje kyrkje!

Konsert i Stedje kyrkje med Førde kammerkor i samarbeid med Sogndal songlag, orkester og solistar!

Førde kammerkor, i samarbeid med Sogndal songlag, stort orkester og fire solistar under direksjon av Asbjørn Flåm, skal framføre G. F. Händel sitt storverk ”Messias” i Førde kyrkje laurdag 08.12.2018 og i Stedje kyrkje søndag 09.12.2018.

Händel komponerte Messias i 1741, i løpet av berre 24 dagar. Frå ca 1750 vart verket framført årleg i London til inntekt for ein barneheim. I moderne tid har Messias blitt eit av dei mest spelte kyrkjeverka i adventstida. Teksten er henta frå fleire bøker i bibelen og handlar om både Jesu fødsel, offer og trua på evig liv.

Konsertane fell inn i den årlege førjulstradisjonen til Førde Kammerkor med framføring av ulike større kyrkjemusikalske verk rundt om i fylket. For Førde kammerkor er det også viktig å kunne medverke til eit mangfald av musikk- og kulturliv med slike konsertar som del av det samla kulturtilbodet i Sogn og Fjordane. I år er det gjor nokre endringar blant solistane: Mari Askvik, med røter i Leikanger syng altstemma, medan Christine Marøy denne gongen er sopransolist. Unge Helene Tyssekvam frå Sande har solopartiet der engelen stig ned og taler til gjetarane på marken. Eivind Kandal frå Kandal i Gloppen er tenor og Bjørn Gisle Seter syng bass. Mari, Eivind og Helene er nye solistar ved våre større framføringar. Vi ser fram til å få presentere desse unge songarane for publikum i Førde og Sogndal.


Earlier Event: December 8
Julesong 2018 med Olav Stedje
Later Event: December 9
Julesong 2018 med Tone Damli