Back to All Events

Vamp

Kom i god stemning før konsert, ved å nyte eit godt måltid på Malin:)

Konsert med Vamp i storsalen, onsdag 31. oktober!

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller første album, ”G od morgen søster”. Vamps velkjente sang Tirn’a Noir er frå dette albumet. Det starta samarbeidet med lyrikeren, Kolbein Falkeid i 1991 og allereie året etter fekk dei platekontrakt. Tirn’a Noir blei sluppen som singel og starta eventyret for alvor. Vamp snappa sin første Spellemann framfor ringrevene Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum med sitt første album.

I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. Som været på vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har selt plater i bøtter og spann og hausta mykje heider og ære , bl.a 5 Spellemannpriser og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust mottok dei Medaasprisen 2017. Høsten 2017 kom også deiras siste album ”La la la”, som fekk strålande kritikk.

Katalogen er full av kjende og kjære sangar som dei kan ausa av på konsertane sine. 
Det er berre å gleda seg.

 

Earlier Event: October 21
Folk Flest
Later Event: November 4
Jan Eggum