20 års jubileum på Voss. Vi deler ut gåvekort.

 
20ars_Voss_ann2.jpg

I oktober 2001 åpna brødrene Wuyong og Xianwu Xu China House i Hestavangen 7, etter stor suksess med China House i Sogndal. Med stor lidenskap for å lage god og autentisk mat, vart China House godt motteke av vossingane og folk på gjennomreise.

Omsetninga har vore stigande og vi har heile tida følt ei sterk tilknytning til lokalsamfunnet her på Voss. Wuyong Xu er alltid aktiv og glad for å støtte opp om aktivitetar og organisasjonar på Voss. 20 år på rad har China House vore stolt sponsor til Voss FK.

I år flytta vi China House inn i lokala til Malin Restaurant & Sushibar og danna Restauranthuset Malin. Dette har vore ein stor suksess.

Her kan vi levere ei endå betre matoppleving med autentiske, kinesiske spesialrettar, nye steakhouse-rettar og ikkje minst ny dessertmeny. Her kan vi ha meir fokus på service og på å skape ei god oppleving for deg som gjest på Restauranthuset Malin.


Vinn gåvekort verdi kr. 1000 i oktober

For å seie ein stor tusen takk til vossingane, vil vi i oktober dele ut fire gåvekort til ein verdi av 1000 kr til kundar som har vore på besøk. Kvar søndag skal vi trekke ut ein vinnar som har vore på besøk den veka. Vi tek kontakt med vinnarane på e-post eller mobil, og publiserar på våre Facebook-sider.

Takk for 20 fine år på Voss!

Vi gler oss til dei neste og håper vi ser deg på Restauranthuset Malin i Uttrågata i oktober.

 
Gasta Design