Vi opnar opp att med nytt konsept

Torsdag 13. mai er det Kristi Himmelfartsdag og fridag for dei fleste. I tillegg er dette ein stor dag for oss!

Då opnar vi opp att restauranten i Uttrågata 12 og kan tilby vårt nye konsept - Restauranthuset Malin.

Dette konseptet har vore ein kjempesuksess i Sogndal, og vi vil i restauranten tilby både asiatiske rettar og ikkje minst vår populære steakhouse-meny.

På same tidspunkt stengjer vi China House rett over gata. Men fortvil ikkje, mange av dei kjære rettane du er vande med der, får du no på Restauranthuset Malin.

Ønskjer du sushi, har vi flytta Malin sushi til restauranten i Vangsgata 8, vis à vis Park hotel.

Sjekk gjerne meny Restauranthuset Malin.

Kva med å prøve?

Gasta Design