Personvernerklæring
Om Restauranthuset Malin as
Eigar av denne nettsida er: Restauranthuset Malin AS
Adresse: Hovevegen 2, 6856 Sogndal
E-post: post@restauranthusetmalin.no
Vårt org. nr er: NO 980 090 116
Føremålet med vår handsaming av personopplysningar i samband med arrangement
I samband med arrangement på Malin vil vi bruke skjema på nettsidene til påmelding. Påmeldte blir lagra i eit Google rekneark med namn, telefonnummer og epost. Etter at arrangementet er ferdig vert reknearket lagra så lenge vi ser oss tent med det.
Føremålet med vår handsaming av personopplysningar i booking av bord
I samband med online booking av bord registrerar vårt bookingsystem (EasyTablebooking) inn namn og telefonnummer. Desse vert lagra i EasyTableBooking.
Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
Informasjonskapslar
Restauranthusetmalin.no bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.
Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Vi bruker denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
Eigar: Meta, LinkedIn
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.
Eigar: Vimeo, YouTube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
Deling
Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til oss på e-post: post@restauranthusetmalin.no . Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.
Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i Restauranthuset Malin AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.
Har du spørsmål, ta kontakt på post@restauranthusetmalin.no