Back to All Events

Bjarte Tjøstheim – «Det går betre no»

Bjarte Tjøstheim i Storsalen med soloforestillinga «Det går betre no»!

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv – når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Radioprogramledar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterar med ein personleg og sjølvironisk framsyning om å leva med frykt for det aller meste.

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminne bekrefta den indre frykta for kva livet kan føra med seg av farar og utfordringar.

I soloforestillinga Det går betre no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege, og sitt indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at engler skal komma for å redda han når livet er på sitt aller mørkaste. Engler med vinger, eller berre med kvit frakk.

Den største frykten er likevel å bli gal og at psykiateren skal sei at han er klin kokos. Men då Bjarte først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste plassen å vera.

Earlier Event: October 1
Vestland, Vestland
Later Event: October 21
Slik takler du idiotene på jobben!