Back to All Events

Kjetil Andrè Aamodt

Føredrag med Kjetil Andrè Aamodt i Storsalen måndag 30. september!

Kjetil Andrè Aamodt er ein av tidenes beste alpinistar.

Med sin bakgrunn frå alpinlandslaget og samarbeidet i norsk idrett held han inspirerande føredrag om team, leiing, prestasjonskultur og korleis nå sine mål.

Aamodt har fleire medaljar frå internasjonale meisterskap enn nokon andre alpinistar:

Han har tjue meisterskapsmedaljar (VM- og OL-medaljer), derav fire OL-gull og fem VM-gull og er ein av berre fem mannlege alpinistar med verdenscupseiera i alle fem disipliner.

Denne eineståande medaljesamlinga er utstilt på Norges Olympiske Museum i Lillehammer.

I sesongen 1993/1994 vant Aamodt verdenscupen sammenlagt.

Kjetil har fått Kongepokal i 1993 og 2005 og Fearnleys olympiske ærespris i 2006.

Han kunngjorde at han hadde bestemt seg for å legga opp karrieren 6. januar 2007, då han vart kåra til «Årets mannlege idrettsutøvar» under Idrettsgallaen i Hamar OL-amfi. Han vant også tre andre prisar same kveld.

21. mai 2007 blei han tildelt St. Hallvardmedaljen «for å ha representert Norge og Oslo på en fremragende måte».

Earlier Event: September 25
Riksteatret: Svar på brev frå Helga
Later Event: October 5
Konsert med Lustrabandet Folk Flest