Back to All Events

Riksteatret: «Vaffelhjarte» av Maria Parr

Ein venn i livet skulle alle ha!

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk fra Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du gleda deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vetle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning føl me dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finner på masse moro, gjer rampestrekar og har hemmelegheita saman. Ofte går det litt over styr i den vetle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redselen for å miste de han er glad i. Men Farfar følger med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som laga verdens beste vafler, forsikrar Trille om at han ikkje behøver å være redd.

Earlier Event: April 26
SAGAS - Opera Nordfjord
Later Event: October 1
Vestland, Vestland