Back to All Events

Ørjan Burøe - Store gutter gråter ikke

Store Gutter Gråter ikke. Det seiest at store gutar gret ikkje. Kvifor ikkje, eigentleg? 
Ørjan Burøe påstår vertfall at han ikkje finst noko redd for å visa følelsar.

Han kan fint dela det som skjer inni seg med Gud og ein kvarmann. Det må rett og slett til, meiner han, for då får me ein endå betre verden – gjer me ikkje? Og så får me masse stoff me kan laga humor av.

Heldigvis så er det lov å snakka om følelsar i våre dagar, snakka om det indre livet og ikkje berre alt maset rundt oss. Dei fleste oppegåande mennesker veit godt at det kan gå veldig galt med folk som ikkje evnar å uttrykka kva dei føler. Så kva er det me ventar på? Store gutar gret ikkje. Jodå, det gjer dei, men dei treng berre ei skulder å grina på. Kanskje det kan vera skuldra til Ørjan? For i kveld i det minste.

I tre år har Ørjan Burøe reist med showet «Fordommer» og spelt nesten 200 førestillingar. Med «Store Gutter Gråter Ikke» lagar Burøe nok ein gang morosam og personoleg førestilling med tette punchlines. Me håpar at du kjem til å le og kosa deg, og kanskje til og med gret ein liten skvett – om du vågar.

Later Event: December 20
4. Laurdag i advent - 2019