Back to All Events

Riksteatret: «Romeo og Julie» av William Shakespeare

Den største kjærleikshistoria av dei alle

Kjærleiken kan få deg til å risikere alt du er og alt du har. Berre spør Romeo og Julie.
Dei er unge. Dei er stormforelska. Og som alle unge er dei udødelege. Men kjærleiken deira er forboden. Ei natt er alt dei får.

William Shakespeare si kjærleikshistorie frå slutten av 1500-talet er blitt ein inspirasjon for nesten alle historier vi kjenner om ung og umogleg kjærleik i TV, film, bøker og teater. Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å spele originalhistoria, er det med eit stort ensemble og sett i scene av ein av Noregs mest ettertrakta regissørar.

Sigrid Strøm Reibo (36) er kjent for å gjere klassikarane tilgjengelege for eit stort publikum. Ho står bak prisløna teateroppsetjingar som trippel Hedda-vinnar Orlando på Rogaland Teater, Som dere vil med Bertine Zetlitz på Nationaltheatret og publikumsfavoritten Peer Gynt på Gålå. Vi veit at ho vil gje oss ein ung og frisk versjon av Romeo og Julie – tru mot originalen, og trulaus mot alle som trur dei kjenner historia!

Etter premieren på Nationaltheatrets hovudscene, skal Romeo og Julie besøke 50 stader med Riksteatret i heile landet. Med unge lovande Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum som Romeo og Julie og skodespelarar som Anne Krigsvoll, Eindride Eidsvold og Petronella Barker i eit stort ensemble på scenen, ønskjer vi deg velkomen til haustens storsatsing på Riksteatret! 

Med Hanna-Maria Grønneberg, Herbert Nordrum, Anne Krigsvoll, Petronella Barker, Eindride Eidsvold, Kyrre Hellum, Morten Espeland, Sverre Breivik, Kim J. Olsen og Amell Basic. Musikar Sjur Miljeteig / Øystein Skar.

Av William Shakespeare. Omsett og gjendikta av André Bjerke. Lagt til rette av Sigrid Strøm Reibo og Njål Helge Mjøs. Regissør Sigrid Strøm Reibo. Scenograf og kostymedesignar Katrin Nottrodt. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Lysdesignar Agnethe Tellefsen. Koreografiassistent Oleg Glushkov. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret.

Framsyninga er fra kl 18:00 til 20:15 og det passer derfor perfekt med en middag på Malin før denne flotte framsyninga.