Back to All Events

Eva & The Heartmaker

Spis god middag hjå oss før knallkonsert med Eva & The Heartmaker. Bestill bord online no!


Om konserten:
Konsert med Eva & The Heartmaker i storesalen 19. mars!

2016 blir året kor alt skjer for Eva & The Heartmaker! Nytt album er på trappene og Eva gjesta årets sesong av Hver gang vi møtes. Femte sesong begynte å rulla på TV2 9. januar, og viser Eva i godt selskap med bl.a Wenche Myhre, Ravi, Admiral P og Henning Kvitnes.

Aftenposten har utropt Eva & The Heartmaker som ”et av de store eksportpotensialene” i deres begeistrede anmeldelse av bandets kritikerroste fjerde album ”Traces of You”.

Dei har for lengst etablert seg som ein av Norges mest suksessfulle popgrupper, og har ein eigen evne til å produsera hits som få andre. Med ein imponerande mengde konsertar på nakken er det ingen tvil om at Eva & The Heartmaker leverar varene frå scena.

Med slåande popperler som «Mr. Tokyo», «Signals», «Gone in a flash», «Traces of you», «Joanna», ”Calling You” og ” Told You” som alle har dominert radiolistene, har Eva & The Heartmaker motteke vidstrakt anerkjenning frå både publikum og kritikarane.

Denne kvelden spelar dei som akustisk duo, noko som gir publikum ein unik sjanse til å oppleva Eva & The Heartmaker frå ei meir intim sida enn ein gjerne er vant til. God stemning er uansett garantert!

Konsertstart: kl. 20:00

Billettpris:       kr. 335,- 
 

*Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet øverst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Earlier Event: March 16
Jaktkveld med Kristoffer Clausen