Velkommen til Lounge Bar

Vi ønskjer deg velkommen til vår Lounge Bar, som ligg vegg-i-vegg med vår restaurant. Her kan du slappe av i gode og komfortable omgjevnader og nyte ein drink og litt fingermat.

Ta gjerne turen innom vår Lounge Bar, gjerne etter at du har nytt eit godt måltid i vår restaurant.

Opningstider Lounge Bar

Nye opningstider:
Onsdag - laurdag 19.00 - 01 .00

Aldersgrense: 20 år
Vi vil be om gyldig legitimasjon til alle under 25 år, dersom vi er i tvil.


 

Leige Lounge Bar til lukka lag?

Vennelag, firma eller organisasjonar kan gjerne leige baren utanom opningstidene. Vi stiller med bartender, og minimum forbruk er kr. 5000,-. Kunde må betale eit depositum på kr. 2000,- på førehand. Vi betaler tilbake depositumet etter at kunde bruker meir enn 5000,- kr.
Vi beheld differansen viss de ikkje kjøper så mykje, og betaler tilbake resten.


Takk til…

Tanken om å utvikle vår nye Lounge Bar kom i same periode som corona-viruset stengde ned landet. Det var difor ikkje naturleg å ta ei stor investering i denne perioden. Men ved hjelp av gode venner i Sogndal - som alle er opptekne av at vi skal ha gode tilbod i bygda - fekk vi på kort tid på plass vår nye Lounge Bar. Tusen takk for innsatsen til:

 

Jon Erik Brox Holme
Eilert Brox Holme
Magne Hofslundsengen
Stian Hellebust

Lars Ove Dulsvik
Idar Kollsete
Leiv Dag Hollekve
Kjell-Roger Henjesand Krogh