Velkommen til Lounge Bar
Vi ønskjer deg velkommen til vår Lounge Bar, som ligg vegg-i-vegg med vår restaurant. Her kan du slappe av i gode og komfortable omgjevnader og nyte ein drink og litt fingermat.
Ta gjerne turen innom vår Lounge Bar, gjerne etter at du har nytt eit godt måltid i vår restaurant.
Opningstider Lounge Bar
Fredag - Laurdag: 19.00 - 02 .30 (servering stopper 02:00).
Aldersgrense ved ordinær bardrift: 20 år
Vi vil be om gyldig legitimasjon til alle under 25 år, dersom vi er i tvil.
Kampvisingar og andre arrangement
Ved kampvisingar og enkelte andre arrangement kan loungen vere open utanom dei ordinære opningstidene for bardrift.
20-årsgrensa gjeld derfor ikkje automatisk for alle kampvisingar eller arrangement. Eventuell aldersgrense og andre vilkår vil bli opplyst i informasjonen om det aktuelle arrangementet.
Leige Lounge Bar til lukka lag?
Ønskjer de ein eigen stad for selskap, bedriftssamling, bursdag eller anna lukka arrangement?
Loungen på Malin kan leigast til private og lukka lag etter avtale. Lokalet passar godt for mindre og mellomstore grupper som ønskjer ei sosial og avslappa ramme rundt arrangementet.
Vi kan tilpasse oppsettet etter behov, og det er mogleg å kombinere leige av loungen med mat og servering frå Restauranthuset Malin.
Aktuelle arrangement kan til dømes vere:
bedriftssamlingar
bursdagar
private selskap
kundekveldar
mindre arrangement og samlingar
Pris, kapasitet, tidspunkt og eventuelle vilkår blir avtalt individuelt.
Ta gjerne kontakt med oss for spørsmål eller førespurnad om leige.
Takk til…
Tanken om å utvikle vår nye Lounge Bar kom i same periode som corona-viruset stengde ned landet. Det var difor ikkje naturleg å ta ei stor investering i denne perioden. Men ved hjelp av gode venner i Sogndal - som alle er opptekne av at vi skal ha gode tilbod i bygda - fekk vi på kort tid på plass vår nye Lounge Bar. Tusen takk for innsatsen til:
Jon Erik Brox Holme
Eilert Brox Holme
Magne Hofslundsengen
Stian Hellebust
Lars Ove Dulsvik
Idar Kollsete
Leiv Dag Hollekve
Kjell-Roger Henjesand Krogh