Fotball vising på Malin

 
 

KVA SKJER?

Info kjem snart**

Kva skjer i Loungen?

Her finn du informasjon om komande kampkveldar og andre arrangement i Loungen på Malin.

Mi vise:

  • Sogndal-kveld

  • Landskamp

  • Premier League-kveld

  • Champions League-kveld

  • Andre arrangement

PRAKTISK INFO

Må eg reservere?

Til vanlege kampvisingar er det i utgangspunktet ikkje nødvendig å reservere. Målet er å halde Loungen open og tilgjengeleg som ein sosial møteplass.

Dersom det blir fullt eller enkelte arrangement krev reservasjon, vert dette kommuniserast separat.

Aldersgrense

Aldersgrense kan variere etter tidspunkt og arrangement. På enkelte fredag- og laurdagskveldar kan eigne aldersgrenser gjelde i samband med den ordinære drifta av loungebaren.

Dersom eit arrangement har aldersgrense, blir dette opplyst tydeleg i informasjonen om arrangementet.

Inngang

Ordinære kampvisingar har normalt ikkje inngangsbillett. Dersom eit arrangement har inngang eller krev påmelding, blir dette opplyst på førehand.

Servering

Mat og servering følgjer Restauranthuset Malin sine gjeldande opningstider og tilbod.

Kvar?

Loungen på Restauranthuset Malin
📍Sogndal

Oppdatert informasjon

Følg oss på Instagram eller sjå kampoversikta her på nettsida for siste oppdateringar.

OM LOUNGEN

Ein møteplass i Sogndal

Med Loungen på Malin ønskjer vi å skape ein enkel og sosial møteplass der folk kan samlast rundt fotball og andre arrangement.

Sogndal har eit sterkt fotballengasjement, og vi ønskjer å byggje vidare på dette gjennom visning av Sogndal Fotball sine bortekampar, landskampar, Premier League og Champions League.

Målet er enkelt – å skape ein tilgjengeleg stad der folk kan møtast og oppleve fotball saman.